Informasjon
Yr-genser er ein handstrikka chunky raglangenser i Lieve Mondial med eit trefarga mønster der Yr-runa er det sentrale blikkfanget. Dei mjuke fargeovergangane og den luftige kvaliteten gir genseren eit moderne og nordisk uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Lieve Mondial gir ein lett, mjuk og varm genser som eignar seg like godt til kvardags som til turar, hytteliv og kjølege dagar gjennom store delar av året.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm
Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Halsomkrets: 43 (45) 45 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm
Merk: Pinnestørrelsen er ein rettleiar. Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinnestørrelse. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinnestørrelse.
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)
Garn og garnmengde
Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m
426 Off white, 100 g
70 Mint, 100 (150) 150 (150) 150 (150) g
186 Sjøgrønn 100 (150) 150 (150) 150 (150) g
Alternativt garn: Bella by Permin og Sandnes Chunky mohair