Logo - Ferdigstrikka

Nattholm-genser

Nattholm-genser er ein nydeleg, oversized genser strikka i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor-garn frå House of Yarn. Genseren kan bli strikka med raglan både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned. Genseren på bildet er i størrelse S. Oppskrifta er i 9 størrelsar. Oppskrifta finst på norsk, engelsk, dansk og svensk.

Relaterte produkt

Bilde av attributt
Bilde av attributt
Bilde av attributt
Bilde av attributt
kr 79,00
Dette er jo eigentleg ganske enkelt, du kjøper oppskrifta og lastar ho ned som pdf :) Men hugs at dersom du har lasta ned oppskrifta, gjeld ikkje angreretten lenger.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4 XL


Mål på plagget

Overvidde: 98 (105) 111 (117) 123 (129) 135 (141) 148 cm

Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 67 (68)   69 (71) 72) cm

Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (47) 48 (49) 49

Hals: 49 (52) 52 (52) 55 (55) 58 (58) 60 cm


Strikkefastheit

13 masker på pinne nr. 7 = 10 cm

16 omgangar i høgde = 10 cm


Pinnar  

Strømpepinne nr. 5 og 7 på rundpinnar 40 og 80 cm


Garn

Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor  100 % ull. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 110 meter


Garnmengde

Farge 8004 Grey, 700 (700) 700 (800) 800 (800) 900 (900) 1000 g

Farge 8002 Off white, 100 g

Farge 8003 Black, 100 g

Farge 8005 Light grey, 100 g


NEDANFRÅ OG OPP

Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.


OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.