Logo - Ferdigstrikka

Afterski-genser

Herleg Afterski-genser med raglan strikka i Bæstmor, Limbo in London frå House of Yarn. Genseren er strikka nedanfrå og opp – men også ovanfrå og ned. Oppskrifta finst i 7 størrelsar, og genseren på bilda er i størrelse M. 22 omgangar mønster med mykje konsentrasjon – resten er er overkommeleg! Oppskrifta inkluderer også ein laus hals. Oppskrifta finst på norsk, engelsk, dansk og svensk. Alternativt garn er Viking Alpaca Bris 362 Cerise, 361 Rosa og 307 Beige som er garnet du får i garnpakka her.

kr 79,00
Dette er jo eigentleg ganske enkelt, du kjøper oppskrifta og lastar ho ned som pdf :) Men hugs at dersom du har lasta ned oppskrifta, gjeld ikkje angreretten lenger.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL


Mål på plagget

Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm

Heil lengde: 60(62) 63 (65) 66 (67)  69 cm

Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm

Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm


Strikkefastheit

18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm

21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm


Pinnar  

Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm


Garn og garnmengde

Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter

Farge 416 Jazzy pink, 100 (100) 100 (100) 100 (150) 150 g

Farge 414 Flamingo, 150 (150) 150 (150) 150 (150) 200 g

Farge 404 Light Beige, 150 (150) 200 (200) 200 (200) 200 g

Alternativt garn er Viking Alpaca Bris 362 Cerise, 361 Rosa og 306 Sand eller DROPS Air 14 Lyng, 24 Rosa og 55 Lys beige.


I tillegg treng du ca 1 nøste til å strikke den lause halsen.


NEDANFRÅ OG OPP

Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.


OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.