Logo - Ferdigstrikka

Kjortingen-genser

Chunky Kjortingen-genser i Lieve Mondial. Genseren er strikka nedanfrå og opp med raglan og eit enkelt mønster i 2 fargar. Genseren på bildet er i størrelse S. Den blir litt vidare ved bruk. Her er det mulegheiter for mange fargekombinasjonar. Oppskrifta finst på engelsk, norsk, svensk og dansk.

Relaterte produkt

Bilde av attributt
Bilde av attributt
Bilde av attributt
Bilde av attributt
kr 79,00
Dette er jo eigentleg ganske enkelt, du kjøper oppskrifta og lastar ho ned som pdf :) Men hugs at dersom du har lasta ned oppskrifta, gjeld ikkje angreretten lenger.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (XXL)


Mål på plagget

Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm

Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm

Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm

Halsomkrets: 43 (45) 45 (50) 50 (50) cm


Strikkefastheit

16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm


Merk: Pinnestørrelsen er ein rettleiar. Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinnestørrelse. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinnestørrelse.


Pinnar

Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)


Garn og garnmengde

Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m

426 Off white, 150 (200) 200 (200) 250 (250) g

333 Orange, 100 (100) 150 (150) 150 (150) g


Alternativt garn er Bella by Permin og Sandnes Chunky Ballerina.