Logo - Ferdigstrikka

Kamskjell-genser

Kamskjellgenser er ein nydeleg, mjuk, oversized genser strikka i Viking Alpaca Bris. Genseren er strikka med raglan nedanfrå og opp, men du kan også strikke denne ovanfrå og ned. Genseren på bilda er i størrelse S. Oppskrifta er i 6 størrelsar, og oppskrifta finst på norsk, engelsk, dansk og svensk.

kr 79,00
Dette er jo eigentleg ganske enkelt, du kjøper oppskrifta og lastar ho ned som pdf :) Men hugs at dersom du har lasta ned oppskrifta, gjeld ikkje angreretten lenger.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL)


Mål på plagget

Overvidde: 88 (100) 113 (125) 138 (150) cm

Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 65 (68) cm    

Ermelengde: 41 (43) 45 (46) 47 (48) cm

Hals: 50 (50) 50 (55) 55 (60) cm


Strikkefastheit

16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm

19 omgangar i høgde = 10 cm


OBS! Pinnestørrelsen er berre rettleiande.

Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.


Pinnar  

Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm


Garn

Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter

Alternativt garn til Viking Alpaca Bris er DROPS Air.


Garnmengde

Farge 307 beige, 300 (350) 350 (400) 400 (400) 450 g

Farge 308 brun, 50 g


NEDANFRÅ OG OPP

Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.


OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.