Informasjon
Å-genser er ein fargerik genser med sterke kontrastar og eit moderne uttrykk. Han passar for strikkarar som likar å leike seg med fargar og ønskjer eit plagg som skil seg ut. Designet fungerer like godt til kvardags som på hytta, på skitur eller til afterski.
Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling i Du Store Alpakka STERK og DROPS Kid-Silk. Mønsteret er oversiktleg å strikke, og oppskrifta passar best for strikkarar med noko erfaring i fleirfargestrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 89 (95) 102 (108) 114 (121) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (69) cm
Ermelengde: 43 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Hals: 42 (42) (42) 44 (44) 46,5 cm
Strikkefastheit
19 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm 22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Du Store Alpakka (DSA) STERK, 40 % alpakka, 40 % merinoull, 20 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 137 meter.
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Strikk med ein tråd av kvar saman.
Du Store Alpakka (DSA) STERK
806 Natur, 300 (300) 350 (350) 350 (400) g
914 Gul 50 g
904 Kongeblå 50 g
918 Isblå 50 g
905 Turkis 50 (50) 100 (100) 100 (100) g
DROPS Kid-Silk
01 Natur, 100 (100) 125 (125) 125 (125) g
52 Lemonade, 25 g
21 Koboltblå, 25 g
27 Jeansblå (ev. 08 lys jeansblå), 25 g
06 Blå tåke, 25 g