Informasjon
Blomsbuktgenseren er ein klassisk raglangenser med høg hals, I-cord-avfelling og eit stilreint mønster inspirert av kysten. Genseren har ei tidlaus form med dekorativ bord på bol og ermer, medan resten blir strikka i glattstrikk.
Oppskrifta kan strikkast både nedanfrå og opp eller ovanfrå og ned, slik at du kan velje den konstruksjonen du føretrekk. Genseren er utvikla for Bæstmor Limbo in London frå House of Yarn, men inneheld også forslag til alternative garn. Oppskrifta finst i sju størrelsar frå XS til 3XL.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm
Heil lengde: 62(64) 65 (67) 68 (69) 71 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 404 Light Beige, 300 (350) 350 (400) 400 (450) 450 g
Farge 409 Denim, 50 g
Alternativt garn Viking Alpaca Bris 307 Beige/306 Sand og 323 Blå eller DROPS Air 26 Beige og 16 Blå. Garnpakka her er i Viking Alpaca Bris.
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma. Til slutt strikkar du I-cord kant på halsen.