Informasjon
Bragdøgenseren er ein handstrikka raglangenser med eit tydeleg nordisk uttrykk og eit mjukt, fargerikt mønster. Den luftige kvaliteten og den gode passforma gjer dette til ein genser du kjem til å bruke gjennom store delar av året.
Kvar Bragdøgenser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Bris. Garnet består av babyalpakka, merinoull og nylon, noko som gir ein lett, varm og slitesterk genser med høg komfort.
Bragdøgenseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Mål på plagget
Overvidde: 88 (95) 102 (110) 117 (124) 132 (139) cm
Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 66 (67) 69 (71) cm
Ermelengde: 42 (43) 44 (45) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets ca: 46 (47) 49 (49) 50 (50) 51 (52) cm
Strikkefastheit
16,5 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 50 gram, 60 % babyalpakka, 11 merino, 29% nylon, løpelengde 150 meter
Drops Air er alternativt garn.
Garnmengde
Farge 302 natur, 200 (200) 200 (250) 250 (250) 250 (300) g
Farge 328 lys turkis, 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 g
Farge 329 turkis, 100 (100) 100 (100) 150 (150) 150 (150) g
Farge 331, lys petrol 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 (100) g