Informasjon
Christiansandsgenseren er ei strikkepakke som inneheld garn frå Viking Alpaca Bris i dei fargane og mengdene du treng til den valde størrelsen, samt den digitale oppskrifta. Garnet består av babyalpakka, merinoull og nylon, og gir ein mjuk, lett og slitesterk genser med eit jamt og fint maskebilete.
Christiansandsgenseren kombinerer tradisjonell nordisk mønsterstrikk med lokal historie og passar like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar. Strikkepakka gjer det enkelt å komme i gang med eit plagg som både fortel ei historie og kan bli ein varig favoritt i garderoben. Oppskrifta inneheld både framgangsmåte for å strikke genseren nedanfrå og opp og ovanfrå og ned.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm
Heil lengde: 60 (62) 63 (65) 66 (67) 69 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og rundpinnar nr. 4 ½ (40 og 80 cm)
Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Bris, 60 % baby alpaca, 11 % merino, 29 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 323 Blå, 100 g
Farge 306 Sand, 250 (300) 300 (350) 350 (350) 400 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.