Informasjon
Dagr-genser 2 er ein handstrikka raglangenser med eit klassisk stjernemønster og eit tidlaust nordisk preg. Den varme ullkvaliteten gjer genseren godt eigna til kjølege dagar, samtidig som det enkle mønsteret gir eit elegant og allsidig uttrykk.
Kvar Dagr-genser 2 blir handstrikka på bestilling i DROPS Alaska og Viking Sportsragg. Kombinasjonen gir ein mjuk, slitesterk og varm genser som held fasongen godt og eignar seg til aktiv bruk gjennom store delar av året.
Dagr-genser 2 kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 89 (93) 97 (101) 105 (109) 113 (117) 121 cm
Heil lengde: 56 (57) 59 (60) 61 (62) 63 (64) 65 cm
Ermelengde: 42 (43) 52 (52) 54 (54) 57 (57) 59 cm
Halsomkrets: 55 (56) 56 (59) 61 (62) 63 (63) 64 cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 4 og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Drops Alaska, 100% ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 70 meter
Farge 02 natur 450 (500) 550 (550) 600 (600) 650 (650) 700 g
Viking Sportsragg 60% ull, 20 nylon, 20 % akryl, løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 530 grå, 50 g
Farge 513 grå, 50 g
Farge 527 Jeansblå, 50 g
Farge 521 Lys blå, 50 g