Informasjon
Dybingen-genseren er ein handstrikka genser med eit mjukt og lett uttrykk. Det karakteristiske mønsteret kombinert med den luftige alpakka- og merinoblandinga gir ein varm, komfortabel og tidlaus genser.
Kvar Dybingen-genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Bris og Viking Alpaca Bris Multi. Den saumlause raglankonstruksjonen og den mjuke kvaliteten gjer genseren like fin til kvardags som på tur eller til kjølege sommarkveldar.
Dybingen-genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 95 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 55 (57) 58 (60) 62 (65) 67 cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (48) (49) cm
Hals: 43 (45) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Strikkefastheit
17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % babyalpakka, 33% merino, 25% nylon. Løpelengde pr nøste 100 gram = 270 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris
farge 313 grå, 200 (250) 250 (300) 300 (300) 350 g
Viking Alpaca Bris Multi,
farge 368 rød multi, 100 (100) 100 (200) 200 (200) 200 g