Informasjon
Eidsbukt-genseren er ein handstrikka genser med eit mjukt og tidlaust uttrykk. Det karakteristiske mønsteret kombinert med den lette kvaliteten i Viking Alpaca Bris gir ein varm, komfortabel og elegant genser.
Kvar Eidsbukt-genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Bris. Den saumlause raglankonstruksjonen og det gjennomgåande mønsteret skaper ein komfortabel genser med flott passform og eit tidlaust uttrykk.
Eidsbukt-genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargekombinasjonar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm
Heil lengde: 62(64) 65 (67) 68 (69) 71 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 416 Jazzy pink, 300 (350) 350 (400) 400 (450) 450 g
Farge 401 White, 50 (50) 50 (100) 100 (100) g
Alternativt garn er Viking Alpaca Bris 362 Cerise og 302 Natur/300 Hvit eller DROPS Air 14 Lyng og 01 Natur.
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskant
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.