Informasjon
Elgr-genseren er ein fantastisk mjuk og fargerik genser med eit karakteristisk mønster inspirert av den norrøne runa Elgr. Han blir strikka i Viking Alpaca Bris og Viking Alpaca Bris Multi, nedanfrå og opp med saumlaus raglanfelling. Oppskrifta finst i 7 størrelsar, og genseren på bildet er i størrelse M.
Mønsteret blir bygd opp av to diagram som går sømlaust frå bol og erme og vidare over berestykket. Den luftige alpakka- og merinoblandinga gir ein lett, varm og svært mjuk genser med eit tidlaust uttrykk. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i mønsterstrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 96 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 59 (61) 62 (64) 67 (69) 71 cm
Ermelengde: 41 (43) 44 (45) 46 (48) (49) cm
Hals: 48 (51) 54 (56) 57 (57) 59 cm
Strikkefastheit
17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % baby alpaca, 33% merinoull, 25% nylon. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 270 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris, farge 302 natur, 200 (200) 200 (250) 250 (250) 250 g
Viking Alpaca Bris Multi, farge 322 blå multi, 200 (200) 200 (200) 300 (300) 300 g
Alternativ til Viking Alpaca Bris: DROPS Air