Informasjon
Elgr-genseren er ein handstrikka genser med eit mjukt og lett uttrykk. Det karakteristiske runemønsteret kombinert med den luftige alpakka- og merinoblandinga gir ein varm, komfortabel og tidlaus genser.
Kvar Elgr-genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Bris og Viking Alpaca Bris Multi. Den saumlause raglankonstruksjonen og den mjuke kvaliteten gjer genseren like fin til kvardags som på tur eller til kjølege sommarkveldar.
Elgr-genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargekombinasjonar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 96 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 59 (61) 62 (64) 67 (69) 71 cm
Ermelengde: 41 (43) 44 (45) 46 (48) (49) cm
Hals: 48 (51) 54 (56) 57 (57) 59 cm
Strikkefastheit 17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % baby alpaca, 33% merinoull, 25% nylon. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 270 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris
302 natur, 200 (200) 200 (250) 250 (250) 250 g
Viking Alpaca Bris Multi
368 rød multi, 200 (200) 200 (200) 300 (300) 300 g