Informasjon
Gleodden-genser er ein klassisk raglangenser strikka i Hillesvåg Varde og Vidde. Genseren blir strikka nedanfrå og opp i fem fargar og finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M.
Det fleirfarga mønsteret over berestykket og den dekorative borda nedst på bol og erme gir genseren eit tradisjonelt og tidlaust uttrykk. Kombinasjonen av Hillesvåg Varde og Vidde gir ein varm, slitesterk og lett genser i norsk ull. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i mønsterstrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 94 (100) 107 (113) 120 (126) 133 cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Hals: 47 (49) 49 (51) 51 (53) 55 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Hillesvåg Varde, norsk pelsullgarn, 100% rein ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Hillesvåg Vidde, norsk lamullgarn, 100% norsk ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Varde
Farge 2118 mørk olivengrønn, 300 (400) 400 (400) 500 (500) 500 g
Farge 2109 svart, 100 g
Farge 2101 beige, 100 g
Vidde
Farge 330 kobber, 100 g
Farge 335 oransje, 100 g