Informasjon
Glitre-genser er ein lett, mjuk og oversized sommargenser med korte ermer, strikka i 2 trådar DROPS Kid-Silk og 1 tråd Dale Bling. Genseren blir strikka nedanfrå og opp og har eit dekorativt flettemønster i raglanfellinga. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XXS til 4XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse S.
Den mjuke mohairen saman med den diskrete glansen frå Dale Bling gir genseren eit lett og elegant uttrykk. Den saumlause konstruksjonen og dei korte ermene gjer Glitre-genser perfekt til kjølege sommarkveldar eller som eit lett plagg resten av året. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og enkle fletter.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (92) 96 (100) 104 (108) 112 (116) 120 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 16 (17) 18 (19) 20 (20) 21 (21) 22
Halsomkrets: 44 (46) 46 (46) 48 (49) 50 (50) 50 cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 3 ½ = 10 cm
30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 og 3 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Strikk med 2 trådar saman.
Dale Bling, 100 % polyester. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 350 meter
Når du strikkar med Bling, strikkar du med 2 trådar Kid-Silk også = 3 trådar.
Garnmengde
DROPS Kid-Silk
Farge 38 Kritt, 75 (100) 100 (100) 100 (125) 125 (125) 125 g
Farge 44 måneskinn, 50 (50) 50 (75) 75 (75) 75 (75) 75 g
Farge 10 Grå, 50 g
Farge 22 Askegrå, 25 g
Alternativt garn: Viking Kid Silk; 312 Perlegrå, 311 Lys grå, 313 Grå og 315 Mørk grå
Dale Bling
Farge 701, grå 50 g
Strikk opp heile tråden.