Informasjon
Hagall-genser er ein genser med rundfelling strikka i Viking Merino. Genseren blir strikka nedanfrå og opp i fem fargar og finst i 6 størrelsar frå XS til XXL. Hagall er ei av runene i det norrøne alfabetet og har gitt namn til denne genseren.
Det tradisjonelle mønsteret og den saumlause rundfellinga gir genseren eit tidlaust uttrykk og god passform. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i mønsterstrikk og rundfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL) Mål på plagget
Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 (128) cm
Heil lengde: 57 (60) 64 (65) 66 (68) cm
Ermelengde: 41 (43) 44 (45) 46 (47) cm
Halsomkrets: 46 (46) 48 (59) 52 (54 cm
Strikkefastheit 20 m masker på pinne nr. 4 = 10 cm
27 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar Strømpepinner og 40 cm rundpinne nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Merino extra fine, 100 % merinoull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 105 meter
Farge 05 lys grå, 400 (450) 500 (550) 550 (600) g
Farge 01 natur, 50 (100) 100 (100) 100 (100) g
Farge 02 svart, 50 g
Farge 30 sennep, 50 g
Farge 813, jeansblå 50 g