Informasjon
Hattholmen-genser med raglan er ein mønsterstrikka genser i Viking Alpaca Storm. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp eller ovanfrå og ned, og begge framgangsmåtane er inkluderte i oppskrifta. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse 2XL.
Hattholmen er eit lite fyr utanfor Mandal, og mønsteret er inspirert av dei små fyrlyktene og dei vakre fargespela langs kysten. Viking Alpaca Storm, med superfine alpakka, merinoull og nylon, gir ein mjuk, varm og slitesterk genser. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanauking eller raglanfelling og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (91) 98 (106) 113 (120) 127 cm
Heil lengde: 58 (59) 61 (63) 68 (70) 71 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Halsomkrets: 51 (53) 53 (55) 55 (56) 57 cm
Strikkefastheit
22 m x 24 pinnar mønsterstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m
Farge 509 Lys brun 100 (100) 100 (100) 100 (150) 150 g
Farge 502 Natur, 150 (200) 200 (200) 250 (250) 250 g
Farge 507 Beige, 50 (100 3XL) g
Farge 512 Perlegrå 50 g
Farge 534 Blågrønn 50 g
Farge 529 Mørk petrol, 50 g
Farge 551 Orange, 50 g
Farge 527 Jeansblå, 50 g
Farge 568 Lilla, 50 g
Farge 564 Lyng, 50 g
Farge 563 Rosa, 50 g
Du kan strikke genseren på 2 måtar:
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.