Informasjon
Hattholmen Hav-genser er ein handstrikka genser med eit mjukt og tidlaust uttrykk. Viking Alpaca Storm, med superfine alpakka, merinoull og nylon, gir eit varmt, lett og slitesterkt plagg med god komfort.
Kvar Hattholmen Hav-genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Storm. Det karakteristiske mønsteret over berestykket og erma er inspirert av fyrlyktene ved Hattholmen og gir genseren eit elegant uttrykk.
Hattholmen Hav-genser kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (91) 98 (106) 113 (120) 127 cm
Heil lengde: 58 (59) 61 (63) 68 (70) 71 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Halsomkrets: 51 (53) 53 (55) 55 (56) 57 cm
Strikkefastheit
22 m x 24 pinnar mønsterstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g
= 133 m
Farge 530 Turkis 350 (400) 400 (400) 450 (450) 450 g
Farge 502 Natur, 150 (150) 150 (150) 200 (200) 200 g
Alternativt garn: Alpakka wool frå DSA og Lace Kid Mohair frå Gjesdal garn.