Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Hellefjorden-genser (oppskrift)

99,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Hellefjorden-genser er ein klassisk genser med raglan, små fletter og I-cord kant, strikka nedanfrå og opp i Dale Kidsilk Erle. Genseren finst i 9 størrelsar frå XXS til 4XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse L.

Det enkle flettemønsteret gir genseren eit tidlaust og elegant uttrykk, medan Dale Kidsilk Erle skaper eit lett, mjukt og luftig plagg med vakker struktur. I-cord kanten rundt halsen gir ei ekstra gjennomført avslutning. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling, flettestrikk og I-cord kant.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.

 

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 84 (88) 92 (96) 100 (104) 108 (112) 116 cm

Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (68) 69 cm

Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm

Halsomkrets: 44 (48) 48 (48) 52 (52) 52 (56) 56 cm

 

Strikkefastheit

20 masker med flettemønster på pinne nr. 4,5 = 10 cm

20 omgangar i høgde = 10 cm

PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.

Farge 9041 Denim 6 (6) 6 (6) 6 (7) 7 (7) 7 nøste

Strikk med 2 trådar saman.

Produsent

House of Yarn

House of Yarn er en av Norges største leverandører av garn, strikkedesign og tilbehør. De står bak flere kjente garnmerker, inkludert Dale Garn, Du Store Alpakka, Gjestal Garn og Camilla Pihl Garn, og tilbyr et bredt utvalg av kvalitetsgarn til enhver smak og stil.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed