Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Hellefjorden-genser (strikkepakke)

1.130,-

Størrelser

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Hellefjorden-genser er ein lett og elegant raglangenser med små fletter og I-cord kant. Genseren har eit tidlaust uttrykk og blir strikka i den mjuke mohairblandinga Dale Kidsilk Erle.

Denne strikkepakka inneheld garn til vald størrelse og digital oppskrift til Hellefjorden-genser. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling og avslutta med ein dekorativ I-cord kant. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling, flettestrikk og I-cord kant.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 84 (88) 92 (96) 100 (104) 108 (112) 116 cm

Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (68) 69 cm

Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm

Halsomkrets: 44 (48) 48 (48) 52 (52) 52 (56) 56 cm

 

Strikkefastheit

20 masker med flettemønster på pinne nr. 4,5 = 10 cm

20 omgangar i høgde = 10 cm

PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.

Farge 9041 Denim 6 (6) 6 (6) 6 (7) 7 (7) 7 nøste

Strikk med 2 trådar saman.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed