Informasjon
Holmen-genser er ein sommarlett raglangenser med ¾ lange erme og dekorativt flettemønster i raglanen. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med to trådar DROPS Kid-Silk haldne saman. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XXS til 4XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse S.
Dei mjuke overgangane mellom blå- og gråtonar gir genseren eit harmonisk uttrykk, medan flettene i raglanen skaper ein elegant detalj. DROPS Kid-Silk, med super kid mohair og silke, gir eit lett, luftig og eksklusivt plagg. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og enkel flettestrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (92) 96 (100) 104 (108) 112 (116) 120 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 27 (28) 29 (30) 31 (31) 32 (32) cm
Halsomkrets: 44 (46) 46 (46) 48 (49) 50 (50) 50 cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 3 ½ = 10 cm 30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 og 3 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter. Strikk med 2 trådar saman.
Garnmengde
Farge 21 Koboltblå, 50 (50) 50 (75) 75 (75) 75 (75) 75 g
Farge 39 Stormblå, 50 (50) 50 (75) 75 (75) 75 (75) 75 g
Farge 08 Lys jeansblå, 25 (25) 25 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g
Farge 10 grå, 25 (25) 25 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g
Alternativt garn: Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid