Informasjon
Is-genser er ein klassisk raglangenser inspirert av den tradisjonelle islenderen. Strikkepakka inneheld DROPS Karisma i koksgrå og sjøgrønn, eit slitesterkt ullgarn som gir ein varm og robust genser med tydeleg mønster. Is er også namnet på ei av dei norrøne runene.
Denne strikkepakka inneheld garn til vald størrelse og digital oppskrift til Is-genser. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med brei raglan og rundt utan sidesaumar. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 (128) cm
Heil lengde: 58 (60) 62 (64) 66 (68) cm
Ermelengde: 41 (43) 45 (46) 48 (49) cm
Halsomkrets: 46 (48) 48 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 4 = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Karisma, 100 % ull, løpelengde pr. nøste 50 gram =100 meter
Farge 53 koksgrå, 350 (400) 450 (500) 550 (600) g
Farge 50 sjøgrønn, 150 (200) 200 (250) 250 (300) g