Informasjon
Jor-genser er ein handstrikka raglangenser med eit fargerikt og tidlaust nordisk uttrykk. Strikka i Hillesvåg Varde og Vidde får genseren eit varmt, slitesterkt og komfortabelt plagg i 100 % norsk ull.
Kvar Jor-genser blir handstrikka på bestilling i Hillesvåg Varde og Vidde. Det karakteristiske fleirfarga mønsteret over bærestykket og dei små detaljane på bol og erme gjer genseren til eit blikkfang som passar både til kvardag og friluftsliv.
Jor-genser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 94 (100) 107 (113) 120 (126) 133 cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Hals: 47 (49) 49 (51) 51 (53) 55 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Hillesvåg Varde, norsk pelsullgarn, 100% rein ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Hillesvåg Vidde, norsk lamullgarn, 100% norsk ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Varde
Farge 2109 svart, 200 g
Vidde
Farge 321 naturgrå, 300 (300) 300 (400) 400 (400) g
Farge 335 oransje, 100 g
Farge 303 lys turkis, 100 g
Farge 330 kobber, 100 g