Informasjon
Kamskjellgenser er ein nydeleg, mjuk, oversized genser strikka i Viking Alpaca Bris. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned med raglan. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå XXS til XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse S.
Det stiliserte kamskjellet dannar eit dekorativt mønster rundt bolen og gir genseren eit maritimt og tidlaust uttrykk. Viking Alpaca Bris gjer plagget lett, mjukt og behageleg å ha på, og du kan også bruke DROPS Air som alternativt garn. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan, mønsterstrikk og glattstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (100) 113 (125) 138 (150) cm
Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 65 (68) cm
Ermelengde: 41 (43) 45 (46) 47 (48) cm
Hals: 50 (50) 50 (55) 55 (60) cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
OBS! Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Alternativt garn til Viking Alpaca Bris er DROPS Air.
Garnmengde
Farge 307 beige, 300 (350) 350 (400) 400 (400) 450 g
Farge 308 brun, 50 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.