Informasjon
Kjeltringholmen-genser er ein handstrikka raglangenser med maritime mønster av sjødyr. Genseren er strikka i Viking Alpaca Storm, som gir eit mjukt, varmt og slitesterkt plagg med høg komfort.
Kvar Kjeltringholmen-genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Storm. Kombinasjonen av superfine alpakka, merinoull og nylon gir ein genser som både varmar godt og toler mykje bruk.
Kjeltringholmen-genser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL (4XL) 5XL
Mål på plagget
Overvidde: 86 (91) 97 (103) 109 (114) 120 (126) 132 cm
Heil lengde: 57 (58) 61 (63) 64 (66) 67 (69) 69 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 44 (44) 47 (47) 49 (49) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m
Farge 502 Natur, 400 (400) 400 (450) 450 (500) 500 (550) 550 g
Farge 527 Jeansblå, 50 g