Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Ny

Kjevik-genser (oppskrift)

99,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Kjevik-genseren er ein fargerik raglangenser inspirert av kystlandskapet ved Kjevik utanfor Kristiansand. Mønsterborda spelar på kontrasten mellom havets blågrøne nyansar og dei varme tonane frå solnedgangen, med små innslag av kobber og oransje som gir genseren eit særprega uttrykk.

Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling i Hillesvåg Varde og Vidde, to norske ullgarn som gir eit varmt, slitesterkt og karakterfullt plagg. Mønsteret går igjen på både erma og berestykket og blir strikka i fem fargar. Til dei små innslaga av kobber og oransje treng du berre nokre få gram, så her kan du gjerne bruke restegarn i andre fargar dersom du ønskjer ditt eige uttrykk.

Oppskrifta inneheld sju størrelsar frå XS til 3XL.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.

Størrelsar XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 94 (100) 107 (113) 120 (126) 133 cm

Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (68) cm

Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48)  49 cm

Hals: 47 (49) 49 (51) 51 (53) 55 cm

 

Strikkefastheit

18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm

22 omgangar i høgde = 10 cm

 

Pinnar  

Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½ 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

Hillesvåg Varde, norsk pelsullgarn, 100% rein ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter

Hillesvåg Vidde, norsk lamullgarn, 100% norsk ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter

 

Varde

Farge 2101 beige, 200 (200) 300 (300) 300 (300) 300 g

 

Vidde

Farge 302 sjøgrønn, 200 (200) 300 (300) 300 (300) 300 g

Farge 303 lys turkis, 100 g

Farge 330 kobber, 100 g

Farge 335 oransje, 100 g

PS! I fargane 330 og 335 bruker du berre nokre frå gram. Finn gjerne noko restegarn i andre fargar i Varde og Vidde.

Produsent

Hillesvåg Ullvarefabrikk

Hillesvåg Ullvarefabrikk er en familieeid norsk garnprodusent med lange tradisjoner. De spesialiserer seg på 100 % norsk ull, kjent for sin høye kvalitet, slitestyrke og bærekraftige produksjon.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed