Informasjon
Chunky Kjortingen-genser er ein handstrikka raglangenser med eit enkelt tofarga mønster og eit mjukt, moderne uttrykk. Genseren blir strikka i Lieve Mondial, som gir eit lett, luftig og behageleg plagg med vakker struktur.
Kvar Chunky Kjortingen-genser blir handstrikka på bestilling i Lieve Mondial. Den eksklusive blandinga av kid mohair og mikrofiber gir ein genser som er både lett, varm og mjuk mot huda.
Chunky Kjortingen-genser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm
Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Halsomkrets: 43 (45) 45 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm
Merk: Pinnestørrelsen er ein rettleiar. Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinnestørrelse. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinnestørrelse.
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)
Garn og garnmengde
Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m
426 Off white, 150 (200) 200 (200) 250 (250) g
333 Orange, 100 (100) 150 (150) 150 (150) g
Alternativt garn er Bella by Permin og Sandnes Chunky Ballerina.