Informasjon
Chunky Kjortingen-genser er ein mjuk og lett oversized raglangenser med eit enkelt tofarga mønster. Genseren blir strikka nedanfrå og opp i Lieve Mondial og finst i 6 størrelsar frå XS til XXL. Genseren på bilda er strikka i størrelse S. Han blir litt vidare ved bruk, og designet gir rom for mange ulike fargekombinasjonar.
Det enkle mønsteret gir eit stilreint uttrykk som passar både til kvardags og fest. Lieve Mondial består av 90 % kid mohair og 10 % mikrofiber, noko som gir ein lett, luftig og svært mjuk genser med god varme. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm
Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Halsomkrets: 43 (45) 45 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm
Merk: Pinnestørrelsen er ein rettleiar. Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinnestørrelse. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinnestørrelse.
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)
Garn og garnmengde
Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m
426 Off white, 150 (200) 200 (200) 250 (250) g
333 Orange, 100 (100) 150 (150) 150 (150) g
Alternativt garn er Bella by Permin og Sandnes Chunky Ballerina.