Informasjon
Knarvikholm-genser er ein klassisk raglangenser med fleirfarga mønsterstrikk over berestykket. Genseren blir strikka nedanfrå og opp i Viking Wool og finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M.
Mønsteret blir strikka i fem fargar og gir genseren eit tradisjonelt nordisk uttrykk med moderne raglanfasong. Viking Wool er eit 100 % Highland merinoullgarn som gir eit varmt, slitesterkt og elastisk plagg med god fasong. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (93) 101 (110) 118 (126) 135 cm
Heil lengde: 58 (60) 62 (64) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 43 (45) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 42 (44) 46 (48) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
19 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Viking Wool, 100 % Highland merinoull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 527 Jeansblå, 350 (400) 400 (450) 450 (500) 500 g
Farge 502 Naturhvit, 50 g
Farge 524 Blå, 50 g
Farge 545 Gul, 50 g
Farge 509 Beige, 50 g