Informasjon
Korsvik-genser er ein supermjuk raglangenser strikka i House of Yarns Bæstmor, Date Night in Dublin. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned, og oppskrifta inneheld begge konstruksjonane. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M.
Det melerte garnet gir kvar genser eit levande og unikt uttrykk utan behov for mønsterstrikk. Bæstmor består av 70 % ull og 30 % alpakka, noko som gir ein mjuk, varm og fyldig genser. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 89 (96) 103 (110) 118 (124) 131 cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (69) 71 cm
Ermelengde: 44 (46) 47 (48) 48 (49) 50 cm
Hals: 44 (44) 47 (47) 47 (50) 50 cm
Strikkefastheit
11,5 masker på pinne nr. 8 = 10 cm
16 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 7 og 8 og rundpinnar nr. 7 og 8 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Date night in Dublin, 70% ull, 30 % alpakka. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 45 meter
Farge 2006 Ocean mix, 650 (700) 750 (800) 850 (900) 950 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.