Informasjon
Langfeldt-genseren er ein mjuk og varm raglangenser med harmoniske fargeovergangar og ein dekorativ I-cord kant som gir eit eksklusivt preg.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i Bæstmor, Limbo in London frå House of Yarn. Garnet med alpakka, ull og nylon gir ein lett, varm og slitesterk genser med høg komfort.
Genseren kan bestillast i andre fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm
Heil lengde: 62 (64) 65 (67) 68 (69) 71 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 426 blue dots, 100 g
Farge 409 Denim, 50 (50) 100 (100) 100 (100) 100 g
Farge 401 White 200 (200) 200 (250) 250 (250) 250 g
Farge 410 Carribean blue, 50 (50) 50 (100) 100 (100) 100 g
Alternativt garn: Viking Alpaca Bris og DROPS Air.
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma. Til slutt strikkar du I-cord kant på halsen.