Informasjon
Madr-genser sommarfargar er strikka med ein tråd DROPS Kid-Silk saman med DROPS Flora og ein tråd DROPS Merino Extra Fine. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling. Denne varianten leikar med sterke sommarfargar og glade kontrastar som gir genseren eit heilt anna uttrykk enn den originale Madr-genseren. Oppskrifta finst i 6 størrelsar, og modellen på bilda har på seg størrelse S. Fargane er sette saman av modellen og influensaren Kristina Bergsvik.
Dei klare fargane framhevar det enkle runemønsteret og gjer genseren både frisk og moderne. Kombinasjonen av Kid-Silk, Flora og Merino Extra Fine gir ein lett, mjuk og lun genser som eignar seg godt både til kjølege sommarkveldar og resten av året. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanstrikk og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 97 (103) 109 (114) 120 (126) cm
Heil lengde: 55 (57) 59 (63) 65 (66) cm
Ermelengde: 36 (36) 36 (40) 40 (40) cm
Halsomkrets: 46 (44) 50 (50) 50 (54) cm
Strikkefastheit
21 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm 22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Flora, 65% ull, 35% alpakka. Løpelengde pr nøste 50 gram = 210 meter
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr nøste 25 gram = 200 meter
DROPS Merino, 100 % merino extra fine. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 105 meter
Genseren til venstre er strikka i størrelse S, og genseren til høgre i XS. Den er laga av restegarnet til størrelse S
DROPS Flora
Farge 01 natur, 100 g
Farge 28 magenta, 50 g
Farge 27 papegøyegrønn, 50 g
Farge 29 mandarin, 50 g
Farge 26 limonade, 50 g
Farge 21 rosa, 50 g
DROPS Kid-Silk
Farge 01 natur, 50 g
Farge 52 limonade, 25 g
Farge 13 cerise, 25 g
Farge 48 papegøyegrønn, 25 g
Farge 04 gammelrosa, 25 g
Farge 49 elektrisk oransje, 25 g
DROPS Merino extra fine
Farge 25 rosa 50 g
Farge 31 skogsgrønn 50 g
Farge 24 lys gul 50 g
Farge 16 lys rosa, 50 g
Farge 01 natur, 50 g
Farge 30 sennep, 50 g