Informasjon
Nattholm-genser er ein handstrikka, oversized raglangenser med tidlaust mønster og høg, bretta hals. Han blir strikka i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor-garn frå House of Yarn og har eit mjukt og robust uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor. Det reine ullgarnet gir ein varm, slitesterk og komfortabel genser som eignar seg godt gjennom store delar av året.
Størrelse M
Mål på plagget
Overvidde: 109 cm
Heil lengde: 66 cm
Ermelengde: 44 cm
Hals: 52 cm