Informasjon
Nattholm-genser er ein nydeleg, oversized raglangenser strikka i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor-garn frå House of Yarn. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned, og oppskrifta inneheld begge konstruksjonane. Oppskrifta finst i 9 størrelsar, og modellen på bilda har på seg størrelse S.
Det enkle, nordiske mønsteret gir genseren eit tidlaust uttrykk, medan det mjuke ullgarnet gjer han både varm og behageleg å bruke. Du kan velje den konstruksjonen du føretrekkjer, utan at uttrykket på den ferdige genseren blir endra. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4 XL
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 111 (117) 123 (129) 135 (141) 148 cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 67 (68) 69 (71) 72) cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (47) 48 (49) 49
Hals: 49 (52) 52 (52) 55 (55) 58 (58) 60 cm
Strikkefastheit
13 masker på pinne nr. 7 = 10 cm
16 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 5 og 7 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor 100 % ull. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 110 meter
Garnmengde
Farge 8004 Grey, 700 (700) 700 (800) 800 (800) 900 (900) 1000 g
Farge 8002 Off white, 100 g
Farge 8003 Black, 100 g
Farge 8005 Light grey, 100 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.