Informasjon
Odderø-genser er ein handstrikka raglangenser i Viking Alpaca Bris med eit enkelt og tidlaust mønster. Den lette blandinga av babyalpakka, merinoull og nylon gir ein mjuk, varm og behageleg genser.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Bris. Garnet gir eit lett, varmt og slitesterkt plagg som eignar seg godt til både kvardag og tur.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL)
Mål på plagget
Overvidde: 93 (101) 108 (116) 124 (132) 139 (147) cm
Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 66 (67) 69 (71) cm
Ermelengde: 42 (43) 44 (45) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets ca: 46 (47) 49 (49) 50 (50) 51 (52) cm
Strikkefastheit 17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm Ver obs på at strikkefastheita kan bli endra når du kjem til diagrammet. Viss du strikkar stramt, byttar du til pinnar nr. 6 ½ i mønsterdelen og bruker pinnar nr. 6 når det er glattstrikk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 50 gram 60 % babyalpakka, 11 merino, 29% nylon, løpelengde 150 meter
Alternativt garn er Drops Air.
Garnmengde
Farge 302 natur, 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 g
Farge 328 lys turkis, 250 (250) 250 (300) 300 (350) 350 (400) g