Informasjon
Prestebekken-genser er strikka i enkel tråd DROPS Kid-Silk. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med 3/4 erme. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XXS til 4XL, og genseren på bilda er i størrelse 2XL. Genseren veg berre 96 gram i denne størrelsen.
Prestebekken har eit nydeleg holmønster på erma og framme på berestykket, medan resten av genseren er strikka i glattstrikk. Den enkle tråden DROPS Kid-Silk gir eit lett, mjukt og luftig plagg som passar både til kvardags og fest. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og holmønster.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (92) 96 (100) 104 (108) 112 (116) 120 cm
Heil lengde: 57 (58) 59 (60) 62 (63) 64 (65) 66 cm
Ermelengde: 25 (26) 28 (28) 30 (30) 31 (31) 32 cm
Halsomkrets: 48 (50) 52 (54) 56 (56) 56 (56) 58 cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 3 ½ = 10 cm
34 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 og 3 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Garnmengde
Farge 13 Cerise, 27 Jeansblå eller 39 Stormblå 100 (100) 100 (100) 100 (100) 100 (100) 125 g
Alternativt garn Viking kid-silk; farge 363 Cerise, 322 Gråblå eller 323 Mørk gråblå. Dale Kidsilk Erle; farge 9041 Denim, 9078 Kongeblå eller 9044 Pink Flamingo