Informasjon
Reid-genser er ein handstrikka genser i DROPS Air. Dei markerte doble flettene og den elegante I-cord-kanten gir genseren eit tidlaust og klassisk uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i DROPS Air. Garnet gir ein lett, mjuk og varm genser med eit eksklusivt preg, samstundes som den held fasongen godt.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL) Mål på plagget
Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 (128) cm
Heil lengde: 52 (53) 54 (56) 57 (58) cm
Ermelengde: 48 (50) 52 (54) 54 (55) cm
Halsomkrets: 40 (40) 41 (41) 43 (43) cm
Strikkefastheit
16 masker med flettemønster på pinne nr. 6 = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 6 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Air, 70 alpaca, 23 % polyamid, 7 % ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Alternativt garn er Viking Alpaca Bris eller Bæstmor, Limbo in London.
Garnmengde:
Farge 01 natur, 300 (300) 350 (400) 400 (450) g