Informasjon
Revholmen-genser er strikka i Viking Alpaca Bris og Viking Alpaca Bris Multi. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp med raglanfelling eller ovanfrå og ned med raglanauking. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XXS til XXL, og genseren på bilda er i størrelse M.
Revholmen-genser har eit klassisk nordisk mønster med høg hals og eit mjukt, lett uttrykk. Oppskrifta gir deg valfridom til å velje den konstruksjonen du føretrekkjer, anten nedanfrå og opp eller ovanfrå og ned. Viking Alpaca Bris og Alpaca Bris Multi gir ein lun, mjuk og lett genser. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i fleirfargestrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 95 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 60 (62) 64 (66) 68 (70) 72 cm
Ermelengde: 40 (40) 47 (47) 47 (47) 47 cm
Hals: 45 (46) 47 (48) 49 (50) 50 cm
Strikkefastheit
17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % babyalpakka, 33% merino, 25% nylon. Løpelengde pr nøste 100 gram = 270 meter
Alternativt garn til Viking Alpaca Bris er DROPS Air.
Garnmengde
Viking Alpaca Bris, farge 302 natur, 150 (150) 150 (150) 200 (200) 200 g
Viking Alpaca Bris Multi, farge 314 grå multi, 300 (300) 300 (400) 400 (400) 400 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
PS! 314 grå multi endrar farge, så på visse delar av arbeidet kan det vere vanskeleg å skilje mellom fargane.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.