Informasjon
Risholm-genser er strikka i Plassard Neptune. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling og småflettar i raglan. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XS til 5XL, og genseren på bilda er i størrelse M.
Risholm-genser har eit enkelt og tidlaust uttrykk der dei små flettene i raglan gir genseren eit elegant særpreg. Plassard Neptune gir ein mjuk, lett og lun genser med eit vakkert melert uttrykk. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og enkle fletter.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL (4XL) 5 XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (94) 100 (106) 112 (117) 123 (129) 135 cm
Heil lengde: 60 (61) 63 (64) 65 (66) 67 (68) 69 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (46) 47 (47) 47 (48) 48 cm
Halsomkrets: 45 (45) 49 (49) 49 (51) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
14 m x 19 p glattstrikk på p nr. 6 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (80 cm) nr. 4 ½ og rundpinne nr. 6 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Plassard Neptune, 43% bomull, 40 % alpakka og 17 % mohair . Løpelengde pr. nøste 50 gram = 110 meter
Farge 60, 300 (350) 350 (350) 400 (400) 400 (450) 450 g