Informasjon
Stokken-genseren er ein handstrikka genser i Viking Alpaca Storm. Det klassiske mønsteret på bol, erme og berestykke gir genseren eit tidlaust og tradisjonelt uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Storm. Garnet gir ein mjuk, varm og slitesterk genser som eignar seg like godt til kvardagsbruk som til turar og kjølege dagar gjennom store delar av året. Genseren er eit godt val for deg som ønskjer eit klassisk plagg som held seg fint år etter år.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL (4XL) 5XL
Mål på plagget
Overvidde: 86 (91) 97 (103) 109 (114) 120 (126) 132 cm
Heil lengde: 57 (58) 61 (63) 64 (66) 67 (69) 69 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 44 (44) 47 (47) 49 (49) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m
Farge 502 Natur, 350 (400) 400 (400) 450 (450) 500 (500) 550 g
Farge 550 Rød, 100 g