Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Stokken-genser brun (oppskrift)

99,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Stokken-genseren er strikka i Viking Alpaca Storm. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglan. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XS til 5XL, og genseren på bilda er i størrelse XS.

Stokken-genseren har eit klassisk mønster på bol, erme og berestykke som gir eit tidlaust uttrykk. Viking Alpaca Storm er eit mjukt og slitesterkt garn med alpakka og merinoull som gir ein varm, lett og behageleg genser. Dette er ein genser som passar like godt til kvardags som på tur, og er eit godt val for deg som ønskjer ein klassisk mønstergenser med eit tradisjonelt uttrykk. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL (4XL) 5XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 86 (91) 97 (103) 109 (114) 120 (126) 132 cm

Heil lengde: 57 (58) 61 (63) 64 (66) 67 (69) 69 cm

Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 (49) 50 cm

Halsomkrets: 44 (44) 47 (47) 49 (49) 51 (51) 53 cm

 

Strikkefastheit

21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm

 

Pinnar

Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)

 

Garn og garnmengde

Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m

Farge 502 Natur, 350 (400) 400 (400) 450 (450) 500 (500) 550 g

Farge 508 Brun, 100 g

Produsent

Viking garn

Viking Garn er en norsk garnprodusent kjent for sine høykvalitets garnprodukter laget av ull, alpakka og andre naturfibre. De tilbyr et bredt utvalg av garn til både håndstrikk og maskinstrikk, med fokus på bærekraft og innovasjon.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed