Informasjon
Støodden-genseren er strikka i House of Yarn Bæstmor, Date Night in Dublin. Genseren har raglan, og oppskrifta inneheld både ein variant strikka nedanfrå og opp og ein variant strikka ovanfrå og ned. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL, og genseren på bilda er i størrelse M.
Støodden-genseren er ein mjuk og fyldig raglangenser med eit enkelt og tidlaust uttrykk. Ved å strikke vekselvis med dei to fargane Rainbow Mix og Ocean Mix blir kvar genser unik. Garnblandinga av ull og alpakka gir ein lun og behageleg genser som passar like godt til kvardags som på tur eller kjølege dagar ved sjøen. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk og engelsk.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 95 (104) 110 (116) 122 (129) 135 cm
Heil lengde: 61 (63) 64 (64) 65 (67) 69 cm
Ermelengde: 44 (46) 47 (48) 48 (49) 49 cm
Halskant: 48 (48) 50 (53) 55 (55) 55 cm
Strikkefastheit
9,5 masker på pinne nr. 10 = 10 cm
14 omgangar i høgde = 10 cm
Sjekk strikkefastheita nøye!
Pinnar
Strømpepinnar nr. 8 og 10 og rundpinnar nr. 8 og 10 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Date night in Dublin, 70% ull, 30 % alpakka. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 45 meter
Farge 2001 Rainbow mix, 350 (350) 400 (400) 450 (450) 500 g
Farge 2006 Ocean mix, 350 (350) 350 (400) 400 (450) 450 g
Du strikkar først eit nøste med 2001, deretter eit nøste med 2006 osv. Ingen størrelsar blir heilt like.
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.