Informasjon
Strågenser er ein handstrikka raglangenser i DROPS Kid-Silk, DROPS Flora og ein tråd DROPS Merino Extra Fine. Den lyse botnfargen og den naturinspirerte mønsterborda gir genseren eit elegant og tidlaust uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Garnkombinasjonen gir ein mjuk, lett og varm genser som eignar seg like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar gjennom store delar av året. Dei dekorative flettene i raglanfellingane og stråmønsteret gir genseren eit særprega, men klassisk preg.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (95) 103 (111) 118 (126) cm
Heil lengde: 57 (59) 61 (62) 65 (68) cm
Ermelengde: 42 (44) 46 (46) 47 (47) cm
Halsomkrets: 42 (46) 48 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
21 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Flora, 65% ull, 35% alpakka. Løpelengde pr nøste 50 gram = 210 meter
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr nøste 25 gram = 200 meter
DROPS Merino, 100 % merino extra fine. Løpelengde pr nøste 50 gram = 105 meter
DROPS Flora
Farge 01 natur, 200 (250) 250 (250) 300 (300) g
DROPS Kid-Silk
Farge 01 natur, 100 (125) 125 (125) 150 (150) g
DROPS Merino extra fine
Farge 37 tåkeskog, 50 (50) 100 (100) 100 (100) g