Informasjon
Strågenser er ein handstrikka raglangenser i Viking Alpaca Storm. Den lyse botnfargen og den varme, brune stråborda gir genseren eit roleg og naturinspirert uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Viking Alpaca Storm gir ein mjuk, varm og slitesterk genser som eignar seg like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar gjennom store delar av året. Dei dekorative flettene i raglanfellingane og stråmønsteret gir genseren eit særprega, men tidlaust preg.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (95) 103 (111) 118 (126) cm
Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 65 (67) cm
Ermelengde: 42 (44) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets: 42 (46) 48 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m
Farge 502 natur, 400 (400) 450 (450) 500 (500) g
Farge 509 Lys brun, 50 g