Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Strågenser i Viking Alpaca Storm (oppskrift)

99,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Strågenser strikka i Viking Alpaca Storm. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglan, der raglanfellingane blir forma med dekorative fletter. Stråmønsteret på bolen går over 28 omgangar, medan resten av genseren hovudsakleg er glattstrikk. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå XS til XXL, og modellen på bilda har på seg størrelse M.

Strågenser 2 er inspirert av strå som vaiar i vinden og kombinerer eit enkelt, klassisk uttrykk med ei dekorativ mønsterbord rundt bolen. Viking Alpaca Storm er eit mjukt garn med alpakka og merinoull som gir ein lett, varm og slitesterk genser med tydeleg maskebilete. Han passar like godt til kvardags som til turar, kjølege sommarkveldar og haustdagar. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i flettestrikk, raglan og mønsterstrikk

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, dansk, svensk, tysk og engelsk.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (XXL)

 

Mål på plagget

Overvidde: 88 (95) 103 (111) 118 (126) cm

Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 65 (67) cm

Ermelengde: 42 (44) 46 (47) 48 (49) cm

Halsomkrets: 42 (46) 48 (50) 50 (50) cm

 

Strikkefastheit

21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm

 

Pinnar  

Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)

 

Garn og garnmengde

Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m

Farge 502 natur, 400 (400) 450 (450) 500 (500) g

Farge 509 Lys brun, 50 g

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed