Informasjon
Stripegenser er ein handstrikka genser i Viking Alpaca Bris med breie striper, høg hals og lange erme. Dei breie stripene og den enkle fasongen gir genseren eit moderne, men tidlaust uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Viking Alpaca Bris gir ein mjuk, lett og varm genser som eignar seg like godt til kvardags som til kjølege sommarkveldar og kalde vinterdagar. Den splitta vrangborden, der bakstykket er litt lengre enn framstykket, gir genseren eit fint fall og god rørslefridom.
Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 (128) cm
Heil lengde: 61 (63) 64 (65) 66 (67) cm
Ermelengde: 53 (55) 55 (56) 57 (58) cm
Hals: 58,5 (61) 62,5 (64) 65,5 (67) cm
Strikkefastheit
15 m på pinne nr. 6 = 10 cm
23 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar Rundpinne nr. 6 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 50 gram 60 % babyalpakka, 11 merino, 29% nylon, løpelengde 150 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris
Farge 326 lys jeansblå, 100 (150) 150 (200) 200 (200) g
Farge 320 lys blå, 100 (150) 150 (150) 150 (150) g
Farge 302 natur, 100 (150) 150 (150) 200 (200) g