Informasjon
Svensholmen-genser er ein handstrikka, oversized raglangenser i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor-garn frå House of Yarn. Dei breie horisontale stripene og den høge halsen gir genseren eit reint, klassisk uttrykk som passar like godt til kvardags som på kjølege dagar ved sjøen.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Hitchhiking in Himalaya er eit mjukt og slitesterkt ullgarn som gir ein varm genser til kvardags, turar og kjølege dagar gjennom store delar av året. Raglankonstruksjonen og den vide halsen gir ein komfortabel passform med god rørslefridom.
Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4 XL
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 111 (117) 123 (129) 135 (141) 148 cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 67 (68) 69 (71) 72) cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (47) 48 (49) 49
Hals: 49 (52) 52 (52) 55 (55) 58 (58) 60 cm
Strikkefastheit
13 masker på pinne nr. 7 = 10 cm
16 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 5 og 7 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor 100 % ull. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 110 meter
Garnmengde
Farge 8004 Grey, 200 (200) 300 (300) 300 (300) 300 (300) 300 g
Farge 8005 Light grey, 200 g
Farge 8003 Black, 200 g
Farge 8002 Off white, 200 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.