Informasjon
Terneholmen-genser er ein handstrikka raglangenser i Viking Alpaca Bris. Det enkle tofarga mønsteret på bol og erme gir genseren eit klassisk uttrykk inspirert av nordisk strikketradisjon, medan den høge halsen og den mjuke kvaliteten gjer han både varm og behageleg.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Garnet består av alpakka, ull og nylon, noko som gir ein lett, lun og slitesterk genser som eignar seg like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar gjennom store delar av året.
Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm
Heil lengde: 62(64) 65 (67) 68 (69) 71 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 409 Denim, 300 (350) 350 (400) 400 (450) 450 g
Farge 426 Blue dots, 50 g
Alternativt garn: Viking Alpaca Bris 323 Blå og 302 Natur eller DROPS Air 16 Blå og 01 Natur.
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.