Informasjon
Topdals-genser er ein handstrikka raglangenser i Viking Wool med klassisk mønsterstrikk i seks fargar. Det harmoniske fargespelet og dei tradisjonelle mønstera gir genseren eit tidlaust nordisk uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Viking Wool er eit mjukt og slitesterkt garn i Highland merinoull som gir ein varm og komfortabel genser med lang levetid. Raglanfellinga gir god rørslefridom og ei naturleg passform, medan mønsteret på bol, erme og berestykke skaper eit heilskapleg uttrykk.
Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (93) 101 (110) 118 (126) 135 cm
Heil lengde: 58 (60) 62 (64) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 43 (45) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 42 (44) 46 (48) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
19 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Viking Wool, 100 % Highland merinoull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 527 Jeansblå, 350 (400) 400 (450) 450 (500) 500 g
Farge 534 Grønn, 50 g
Farge 507 Lys grå, 50 g
Farge 545 Gul, 50 g
Farge 517 Koks, 50 g
Farge 501 Lys grå tweed, 50 g